Ivar Aasen
JUSTEDALS-BREDEN
Der er tvo Avbygder paa Vestersida, som eg lenge havde tenkt at koma til; det er
Justedalen i Sogn og Stryn i Nordfjord. Helst havde eg tenkt at fara so, at eg
kunde sjaa baada Bygderna paa sama Ferdi og dertil den vidgjetne Breden, som
ligg imillom deim, og difyre skulde det vera gildaste at ganga yver sjølve
Breden og soleides taka det alt paa ein Gong. No høvde det til, at det var ein
annan Ferdamann, som vilde fara same Vegen, og soleides var det ein Dag uti
Augusti Maanad i 1855, at me gingo tvo saman upp igjenom Justedalen og vaaro
komne fram mot ein Gard, som heiter Elvarkroken. Der fingo me sjaa ein Glytt av
Breden, og det var alt eit Syn, som var sannelega storvoret. Der er ein stor
Tverdal, der Isen hever siget ned ifraa fremste Fjellbruni og lagt seg som ein
Aal i Bugter langsetter Dalen, lika ned paa den laagaste Flata, der han endar i
ein stor Molgrunn av Aur og Smaastein, som er mesta lika so graa som Isen sjølv.
Det er Nigards-Breden. Han ser snaraste ut, som um det var ei kjempestor Elv,
som havde fyllt upp Dalen til midt i Liderna og so paa ein Gong havde stadnat og
storknat og sidan vordet liggjande i same Skapnad.
Men dette var no berre ein Tverdal, og den andre Dalen rekker myket lenger fram.
Me gingo til øvste Garden, som heiter Faaberg, og fingo oss Hus til Natti. Næste
Morgon skulde me faa oss ein Vegvisar og leggja til aat Storfjellet, um det
vardt Veder til det; men daa Morgonen kom, var det Regn og Skodda, og so vardt
det avgjort, at me skulde bida til næste Dagen. For det duger inkje at leggja ut
paa den ...
|
|
|
|
|
|
|
|
|